Alle innlegg

På mine vandringar møter eg stadig oftare på svaner. Eg kan ikkje hugsa at dei var der då eg var ung, men no treff eg dei over alt. I mest kvar vik er dei, og dei kjem alltid symjande mot meg. Majestetisk flytande på vatnet, krittkvite i fjørene, fullkomne.

Vinterstemning

17.11.2019

Innlegget i dag kunne like vel vorte kalla "Blåtimen" som "Vinterstemning", men eg kjende det som om det var vinterstemining eg kom i, då eg stod nede ved Lonena i Knarvik med kameraet mitt.

Det er slik eg likar meg best: Bak kameraet. Det er mest garantert at eg ikkje vert med på noko bilete då, men her er eit unntak.

Planane for denne dagen er klare: (1) Fora og lufta seks hundar, (2) få i meg frukost, (3) ut og finna motiv, (4) fanga dei med kameraet, (5) skriva blogginnlegg (6) dämpa pinnekjøt (og eta det og, sjølvsagt), (7) kosa med hundane mine.

Sjøen utanfor Radøy er full av fisk, og om sommaren er fjorden full av båtar av alle slag. Du ser seglbåtar og gamle snekker, cabincruisarar og joller, og alle har dei folk som kosar seg på sjøen, ombord. Når hausten kjem, forsvinn dei frå sjøen. Dei vert tekne på land, og så kviler dei i gamle og nye naust vinteren i gjennom....

Me opplever det av og til: Skyene ligg lågt over livet, og det kjennest tungt å gå inn i ein ny dag. Uansett kor vakkert alt er rundt oss, så vert fargane gråaktige, og lyset når liksom ikkje heilt fram til oss.

Som dei fleste gamle folk, er eg sånn passeleg glad i vinter og snø. Kulden gneg seg inn til beinmargen, ledd og musklar verkjer, og eg lid av ein generell motvilje mot å gå ut døra.

Sola skin over Sletta, og eg skulle gjerne vore meir ute med kameraet mitt, men når ein hund er sjuk, så vert dette prioritert. Slik har det vore dei siste dagane. Den eine hunden min har ein skade i ryggen, noko som gjer at ho får smerter, når kulda sig innover landet vårt. Så då er eg heime, og så får fotomotiva venta....

Eg er der eg er, og eg kom frå ein stad. I går skreiv eg litt om barndommen min, og eg tok fram eit enkelt minne: Då eg måtte ta ansvaret for mor, den gongen ho var alvorleg sjuk. Denne dagen vil eg skrivalitt om det å gå vidare, om framtida som ventar på meg... og deg. For framtida er...

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang