Båthus på Radøy

14.11.2019

Sjøen utanfor Radøy er full av fisk, og om sommaren er fjorden full av båtar av alle slag. Du ser seglbåtar og gamle snekker, cabincruisarar og joller, og alle har dei folk som kosar seg på sjøen, ombord. Når hausten kjem, forsvinn dei frå sjøen. Dei vert tekne på land, og så kviler dei i gamle og nye naust vinteren i gjennom.

Denne dagen skal blogginnlegget handla om nausta, eller om båthusa om du vil.

Dei ligg heilt nede ved sjøen, og dei kan berre brukast til ha båtar i. Ein kan sjølvsagt lagra fiskereidskap der, og ofte er det i desse båthusa at reparasjonar og til og med bygging av nye båtar går føre seg. 

Ein har ikkje lov til å bu i båthuset, ikkje sånn utan vidare i alle fall. Men det fins unntak, og då vert naustet kalla sjøbu. I gamle dagar, den tida ein rodde fiske, det vil sei at ein drog ut på havet med små båtar, måtte fiskarane ha ein plass å bu. Det var då rorbua kom til nytte. Der låg fiskarane om natta, medan dei om dagen låg utpå og fiska.

Kvar gard her ute hadde rett til å byggja seg eit båthus. Det vart - og vert - kalla naustrett. Saka var den at fisket var meir enn halve livsgrunnlaget. På dei små gardane kunne ein ikkje brødfø ein stor familie, og så var det å ro på fjorden og fiska. Dei dorga, pilka og sette garn, og slik vart både festmat og kvardagsmat berga for bordet og torget.

For mange drog inn til byen og selde fisken sin. Der var strilen eit viktig suplement til kjøpmannen, og dei fine byfruene sendet "pigen" ned for å skaffa både kvardagspale og juletorsk på det bergenske kvardagsbord.


Men den historia får me ta ein annan dag.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang