Vinterstemning

17.11.2019

Innlegget i dag kunne like vel vorte kalla "Blåtimen" som "Vinterstemning", men eg kjende det som om det var vinterstemining eg kom i, då eg stod nede ved Lonena i Knarvik med kameraet mitt.

Det er vel ingen tvil om at vinteren har kome. Alt i fleire dagar, har eg skrapa is frå bilvindaugo, og vinterjakkane har vore i bruk lenge. Det var jamvel så kaldt at eg laut få meg ein ny jakke, ein falsk skinnjakke med falskt saueskinnsfor.

Men tilbake til blåtimen. Då eg køyrde forbi denne myra, skein ettermiddagssola over Lonena, men då eg endeleg hadde fått parkert bilen, var den i ferd med å gå ned bak haugane i vest, og lyset hadde forandra seg. 

Det er ei eiga stemning, når lyset held på å forsvinna, og den blå himmelen speglar seg i isen. Raudfargane i lyng og gras vert raudare, isen vert blåare, og eg vert rolegare. Det er slik det er. Denne skumringa... for det er det det er... får meg til å finna ei indre ro som ikkje var der frå før.

Det var ikkje så lenge eg sat der nede i sivet, men lyset forandra seg. Skyene som dreivover himmelen spegla seg i vatnet, og eg fekk kjenna den gode freden. 


© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang