Alle innlegg

Knarvik var vel aldri min favoritt, ikkje eingong då eg var ung. Den gongen var det ingen tunnell gjennom Mundalsberget, og for ein Følingagut (Les Hjelmåsing) som meg, var Knarvik ein utkant. Det var dit me fór når me skulle ta ferja over til Steinestø, så mitt ungdomsbilete av Knarvik var ferjekaien.

Eg er av og til lei av den vestlandske vinteren. Den ligg der kald og klam, for det er det den er. Ofte regnfull med lite snø, men med vinterstormane hylande rundt husnovene. Ja, for dette er verkelegheita for oss vestlendingar. Det er ikkje skiene som er symbolet for oss, men paraplyen og skiene.

Morgonskodde

26.11.2019

Skodda heng over Sletteosen, og eg ventar på sola. Slik er det vanlegvis på denne tida av året, stor skildnad på temperaturen i sjøen og land gjev skodde.

Det er ikkje alltid sola skin over liva våre. Nokre dagar er stormdagar, andre er fulle av regn eller snø, og nokre er slike gråværsdagar som eg opplevde i denne søndagen.

Lysfest

24.11.2019

Me skulle på lysfest i Bergen i går. Eg hadde gjort avtale om å møta den eine sonen min og borna hans, og i god tid la me i veg frå Sletta. Randi køyrde, og eg sat ved sida av og såg etter fotomotiv.

Livet kan vera så ymse. Du sit der i livsbåten din og anar fred og ingen fare, og så kjem det du ikkje venta. Det kan vera noko stort, noko lite, noko godt eller noko som er ille.

Det er morgon, og denne fotografen er oppe. Eg har alt vore ute og teke det fyrste biletet, denne laurdagsmorgonen. Værmeldinga lova lettskya og fint vær denne dagen, og det ser ut til at dei har halde ord.

Sjø og båtar

22.11.2019

Eg elskar sjøen, og noko eg er spesielt glad i er synet av båtar på sjøen. Det vekkjer til live oppdagaren i meg, guten som stod på kaikanten og lengta ut, som gjerne ville vera med ut for å fiska, som drøymde om fjerne kystar og aude øyer.

Rimfrost

21.11.2019

Eg kan ikkje hugsa at det var slik før. Då eg var gut var det nemleg snø om vinteren. Kanhende ikkje så mykje snø, men eg hugsar at det alltid var snø. Me var ute heile dagen, den gongen for lenge sidan, då når eg gjekk på ski.

På mine vandringar møter eg stadig oftare på svaner. Eg kan ikkje hugsa at dei var der då eg var ung, men no treff eg dei over alt. I mest kvar vik er dei, og dei kjem alltid symjande mot meg. Majestetisk flytande på vatnet, krittkvite i fjørene, fullkomne.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang