Tilbakeblikk på ei søndagsvandring.

18.11.2019

Det var kaldt i går, men eg tok meg ein turmed kameraet. I grunnen gjer eg det kvar dag, i alle fall er kameraet med meg kvar enn eg fer.

I går for eg til Manger, og det er mange grunnar til det: Det er nært, berre eit kvarter med bil. Dessutan representerer det minne som er heilt problemfrie. Manger var ferieparadiset, staden den plaga guten kunne oppleva tryggleik og omsorg. Der budde systra mi og hennar familie, og eg fekk ha det fint.

Mykje av gårsdagen var eg på Mangersneset. Eg gjekk gjennom nokre hyttehagar, og fekk kjenna den gleda og roen som sjøen og kystlandskapet gjev. alle bileta denne dagen, er henta frå denne søndagsturen. Det å få vandra i det frosne landskapet og kjenna freden i einsemda der, er sælebot for kropp og sjel - eit privilegium eg unner kvar og ein å få del i.

Det var korkje vind eller nedbør i går, og landskapet spegla seg i sjøen. For meg var desse timane med kamera på Mangersneset ei stund der eg kunne samla krefter til veka som skulle koma. Livet vert så ukomplisert, når ein er der i naturen. Det er som om eg skulle ha vore det fyrste menneske som gjekk her, som om eg nett hadde vandra ut her, og skulle finna meg ei hole eg kunne bu i. 

Den fyrste Hordalending kom nok hit for mange tusen år sidan, men eg kjende på slektskapet, der eg stod og såg ut over Mangersfjorden. Kjende på samhøyrigheita med folket her ute, med generasjonar som har levd før meg, med folket som bur her no.

Den er god, denne kjensla av å høyra til. Å kunna strekkja kjenslene bakover i tida, og kjenna fellesskap med alle dei som nokonsinne har budd i dette landskapet. 

Den vesle guten som kom fra bygda langt inne i fjorden, var ikkje akkurat vand med tryggleik og gode dagar, Den daglege rutine der inne, handla om angst og mishandling, men her ute kjende han tryggleik og fred. 

Slik er det endå, og nett difor vender eg tilbake hit, til staden som vart min barndoms tilflukstad og paradis.


Det er godt å høyra til!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang