Alle innlegg

Snart jul.

11.12.2019

Snart er det jul, og eg vil gjerne ha litt meir av dette kvite som kjem dalande ned frå himmelen, og legg seg på bakken. Det heiter sø, og er noko både eg og ungane likar. Ikkje mine ungar, for dei er vaksne folk, men ungane deira - altså mine barneborn.

Storm

10.12.2019

Det bles godt her. På Sotrabrua vert det meldt 25 m/s, og eg tenkjer på seglbåten min. Eg var nede i ettermiddag, og då låg båten trygt I fortøyningane. Men det blas så eg mest vart kasta på sjøen.

Sist månad var den tørraste November i manns minne. Slik vert det visst ikkje i desember. Regnet ausar ned, og vinden ular rundt husnovene her på Sletta. Men inne er det godt og varmt.

Opp gjennom åra har eg slite fælt med håret mitt. Ikkje det at eg ikkje har hår, for det har eg, og til og med mykje hår. Eg hugsar at eg for mange år sidan hadde relativt langt hår. Det var eit hår som rett nok var pistrete og tynt, men det var mykje av det, og det var langt....

Natta er mørk, og det regnar. I alle fall regna det då eg gjekk til sengs - det må vera fleire timar sidan, og i desse timane har eg berre lagt her og stira inn i mørket som omgjev meg. Frå sida høyrer eg lydane frå dei andre i huset. Sjølv hundane shar sine nattlydar: Lett snorking, litt kvinking når dei drøymer, og av og til eit lite bjeff....

Tilbake!!!

03.12.2019

Så er datamaskina ordna. Ny harddisk er på plass, og eg skal prøva å retta opp i det faktum at nettstad og blogg har vore mest urørt sidan fredag ettermiddag. Eg gjorde eit forsøk på å lasta opp eit bilete i bloggen ein dag, men eg må sei at eg ikkje er så glad i å sitja og knotra på...

Bloggabstinens

01.12.2019

Det er vinter - såvidt. Nokre få centimeter snø har kome ned, og eg knotrar på telefonen.

Datakrasj

29.11.2019
På grunn av datakrasj vert det ingen nye innlegg før førstkommende tirsdag.
© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang