Alle innlegg

Eg er av den oppfatning at ikkje alt i livet mitt egnar seg til å publiserast på nettet, heller ikkje i ein blogg. Det har ikkje alltid vore slik, men gradvis har eg byrja å halda meir av det som eg gjennomlever for meg sjølv.

Vinter

08.11.2019

Vinter - for det er det me har no. Nattefrost og rim på bilen høyrer til dagens orden, og eg kjenner på at eg må skriva litt om det i dag, om vinteren og kva forventningar eg har til tida som ligg framfor oss. Samstundes vil eg visa deg nokre vinterbilete frå år som ligg bak oss.

Det har vore ein trist sommar med mykje regn og kalde dagar, og no er hausten på hell, og vinteren har meldt sin ankomst. Denne kalde dagen har eg kjent ein trong til å sjå tilbake til ein sommar som var lang, varm og fri for regn

Noko av det kjekkaste eg veit er å ta med meg kameraet ut i den svartaste natta. Sjølvsagt er det ikkje så enkelt å samla lys når det ikkje er noko lys, men faktum er at det alltid er litt lys, så sant ein er ute. Om du berre har eit kamera som er lysfølsamt nok, kan du ta bilete mest heile natta....

Bruvik

03.11.2019

Eg flytta til Bruvik i 2012, og budde der i seks år, til 2018. Det var gode år, men eg må innrømma at vegen inn frå Osterøybrua til Bruvik var skremmande. Ikkje få gonger måtte eg køyra over fjellet, fordi vegen var sperra av ras. Det var vel hovudårsaka til at me flytta frå Bruvik, men vakkert var det.

Minnebilete

03.11.2019

Eg har kalla dette blogginnlegget "Minnebilete", fordi det skapar minner hjå meg. Det handlar om barndommen min, og om heimlengt.

Det er ikkje alltid lett å stå opp, når mørkret og kulden sig innover landet. Men når lyset kjem, er det ingen ting som slår det.

Det er framleis nokre haustfargar att, men dei forsvinn meir og meir. I mi vandring i gamle bilete, kom eg over dei eg skal visa deg i dag.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang