Rimfrost og vakkert vær.

10.11.2019

Sola skin over Sletta, og eg skulle gjerne vore meir ute med kameraet mitt, men når ein hund er sjuk, så vert dette prioritert. Slik har det vore dei siste dagane. Den eine hunden min har ein skade i ryggen, noko som gjer at ho får smerter, når kulda sig innover landet vårt. Så då er eg heime, og så får fotomotiva venta.

Det var då eg var ute med hundane tidlegare i dag at eg såg at det hadde stinkla is på Sletteosen. Vatnet i sjøen nedanfor huset eg bur i har eit høgt nivå av ferskvatn, difor frys det gjerne til om vinteren. No har altså nattefrosten fått isen fram, og vintersola har ikkje klart å smelta den heilt.

Hausten er altså forbi, og lauvet er borte. Det hang der i sommar og var grønt og vakkert, seinare vart det gyllent haustfarga, men no står dei nakne greinene att, ribba for all si pryd.

Men no stig det fram nye fotomotiv på den frosne jorda.Stivfrosne strå, rimfrost og spanande skuggar i ettermiddagsola, alt dette må eg sjå, og dessutan fanga med Olympusen min. Berre ved å røra litt på meg, endrar eit motiv seg. Det får andre former, anna lys, og eg vert aldri mett. Naturen, med sitt lys og fargespel sluttar adri å fascinera meg. Den rører ved noko av det inste i meg, gjev meg ei fred og glede som mest ikkje noko anna kan.

Så fer eg heimatt då, og vonar at mi velse tibbefrøken har det bra. På vegen tek eg eit bilete av den rimdekte bakken. Snart kjem det vel snø, og eg får finna nye motiv. Vinteren er ei spanande tid, ei tid av venting og forventning. 

Naturen ventar på at varmen og vekstvilkåra skal venda tilbake, medan livsstyrken og groviljen er vel lagra under hardfrosne bakkar og snø. Forventning om at det skal koma ein ny vår, der nye spirar kjem opp av jorda, lauvet sprett, og varmen returnerar frå sørligare breddegrader.

Eg har også forventningar, og ikkje berre til våren som skal koma. Vintertida er full av fantastiske motiv. Snø, rimfrost, skodde, tilfrosne vatn og mørke kveldar, alt dette gjev mogelegheiter som eg skal nytta meg av. 


Det er ingen ting som slår naturopplevingar!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang