Tenk om eg var ei svane...

19.11.2019

På mine vandringar møter eg stadig oftare på svaner. Eg kan ikkje hugsa at dei var der då eg var ung, men no treff eg dei over alt. I mest kvar vik er dei, og dei kjem alltid symjande mot meg. Majestetisk flytande på vatnet, krittkvite i fjørene, fullkomne.

Når eg ser dei koma symjande, undrar eg meg av og til over desse vakre skapnadane. Korleis er liva deira? Dei er store, så litt mat må nok til for å halda liv i dei. Eg har aldri sett dei flyge, men sidan eg også har påtruffe dei i isfrie fjellvatn, antar eg at dei også kan gjera det. Eller?

Eg har lese ein stad at svaner er monogame. Ikkje seriemonogame, slik me menneske ofte er, men skapningar som held seg til ein partnar heile livet. Frå eiga røynsle veit eg at dei er beskyttande overfor familien sin. Eg hugsar ei svane som gjekk til åtak på meg då eg nærma meg ungane hennar.

Mange menneske tek brød med seg og matar svanene, og det er nok ein grunn til at svanene i Mangersvågen søkjer seg mot menneska på kaien. No veit eg ikkje kor sunt det er for ei svane å eta brødmat. Eg har faktisk lese ein stad at det ikkje er bra, og eg trur dei har fått den lange halsen for å nå saker og ting som befinn seg under vatnyta. Så eg matar dei altså ikkje.

Men dei kjem symjande mot meg, og eg kjenner at dei utfordrar meg: "Gje oss noko!" seier dei. Med heile si framferd krev dei noko frå meg. "Nyt du ikkje synet av oss? Er me ikkje fine?" er det som dei seier. Og eg lyfter kameraet, og festar dei på billedbrikka. Så, når dei skjønar at det ikkje vert nokon brødbit, ristar dei vengjene, brusar med fjørene og sym vidare.

Men kva om eg var ei svane? Ein trufast hanne, som hadde som livsprosjekt å vera trufast mot hoa mi? Ein skapnad som ikkje krov meir enn det livet kunne gje? Som berre kunne brusa med fjørene og leggja det bak meg, når livet ikkje gjekk heilt min veg? Som med mitt eige liv ville verje make og avkom?

Mange gonger ynskjer eg meg eit enklare liv. Sleppa å kava for tilværet, sleppa å stressa med rekningar og økonomi, sleppa bilar som heile tida krev vedlikehald. Sleppa å tenkja på alle dei tinga som eg som menneske treng å tenkja på.

Tennk om eg kunne vore ei svane - om så er for berre ein dag!


Livet vart sikkert enklare, om eg kunne ha innstillinga til ei svane.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang