Når skyene senkar seg over tilværet.

13.11.2019

Me opplever det av og til: Skyene ligg lågt over livet, og det kjennest tungt å gå inn i ein ny dag. Uansett kor vakkert alt er rundt oss, så vert fargane gråaktige, og lyset når liksom ikkje heilt fram til oss.

Me hadde ikkje vore menneske, om me ikkje av og til hadde hatt det slik - og det er dette me er: Menneske! Me er utstyrte med kjensler og evna til å reagera på det som hender rundt oss.

Det skal ikkje alltid så mykje til, før skyene senkar seg over livet vårt. Eit skeivt ord frå nokon, ei rekning i postkassen, eit mål me ikkje lukkast med, ein tanke som dett ned i hovudet vårt, og så kjem kanhenda det som me kallar ein depressiv reaksjon. 

Men ofte - eller kanhenda eg skulle sei som oftast - går det heile over. Me går vidare, skyene som var der, forsvinn, og på nytt skin sola i sinn og tanke.

Men diverre er det ikkje alltid slik. Nokre gonger forsvinn ikkje skyane, dei vert tyngre og mørkare, og dei tømer til sist ut iskaldt regn over oss. Tilværet vert ikkje berre mørkt, det vert kaldt og vått og.

Då er det viktigare enn nokon sinne å sjå etter lyset, langt der framme. For lyset er der. Kanskje berre som ei aning, er det der, men det er der. 

Lat deg difor besjela av vona om at alt vert betre, for då kan du tåla både skyer og regn medan du ventar på lyset.


La ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode.

Apostelen Paulus

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang