...om å la fortida fare... vegen vidare.

10.11.2019

Eg er der eg er, og eg kom frå ein stad. I går skreiv eg litt om barndommen min, og eg tok fram eit enkelt minne: Då eg måtte ta ansvaret for mor, den gongen ho var alvorleg sjuk. Denne dagen vil eg skrivalitt om det å gå vidare, om framtida som ventar på meg... og deg. For framtida er der, full av nye opplevingar, nye situasjonar som vil skapa nye minne.

Denne dagen vil eg skriva litt om det å ha litt bagasje, bera med seg noko som kan vera vondt og vanskeleg ha ha i bagasjen.

Dei fleste av oss har det slik. Fortida inneheldt mangt og mykje, og for mange av oss er nederlaga og uretten minne som me ikkje maktar å leggja bak oss. Dei vert kosta under teppet, "gløymde" ned i ein mørk kjellar som vert kalla underbevisstheita. Der ligg minna og støvar, skapar uro i dagleglivet, og gjer livet tungt å leva.

Livet mitt inne i den vesla bygda eg vaks opp i var ikkje lett, og eg drog ut i verda med den ballasta som barndommen min hadde gjeve meg. Resultatet vart angst, depresjonar og andre negative konsekvensar. Dei fleste som kjenner meg, gjenkjenner nok dette, og eg har slite med dette store delar av livet. Minne frå barndommen, ungdommen og seinare det vaksne livet var alltid der. skubba ned i fortida sitt ugjennomtrengelege mørke, og det sett nye spor i det livet eg levde då.

På eit punkt i livet fekk eg hjelp, i form av samtalar med ein psykiater. Han lærte meg at alt som er lært, kan avlærast. Dårlege handlingsmønster som foreldre, lærarar og andre hadde prega inn i meg, kunne slettast, og eg kunne få byrja på nytt. 

Den tok mange år, denne prosessen. Eg fekk læra noko om mor og far si smerte, noko dei røynde i ei tid der slike ting ikkje skulle snakkast om. Både Per og seinare Renate, vart til stor hjelp for meg.  Dei hjelpte meg å hugsa, å sjå at ting ikkje berre var mørkt, og at eg kunne retta livet framover, den vegen eg alltid hadde vore på veg.

Dei vonde minna er der endå, også minna om dei gongane eg har gjort feil. Eg har behandla andre menneske urett, teke feile avgjerder, og vonaleg har eg lært av det. Men eg treng ikkje leva i den vonde fortida. Dei mørke trea treng ikkje dominera, for der bakom dei skin sola, og eg kan gleda meg over tida som ligg framfor meg.


Don't look back - you are not going that way!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang