Kvifor klaga på vinteren?

12.11.2019

Som dei fleste gamle folk, er eg sånn passeleg glad i vinter og snø. Kulden gneg seg inn til beinmargen, ledd og musklar verkjer, og eg lid av ein generell motvilje mot å gå ut døra.

I grunnen er alt galt, uansett korleis været og snøforholda er, eg kan uansett finna noko å klaga på, for slik er eg. Frå sofakroken i den gode, varme stova mi, kan eg koma på minst tusen gode grunnar til å halda meg inne. 

Det må mest sjå ut som biletet over, før lysta driv meg utandørs. Blå himmel med dekorative skyar, helst blikkstille hav, og snø som dekkar fjelltoppane langt borte. Det er veldig viktig at snøen er langt borte, for då vert det heile et fredfullt og vidunderleg vinterlandskap, der eg kan kjenna på freden, og dessutan få krefter til å møta nye kvardagar.

Men slik er ikkje tilværet, i alle fall ikkje på Vestlandet.. Ofte er det regnvær, sludd og storm som kjenneteiknar vinteren, og når det regnar og sluddar vannrett i stormen, og vindkasta trugar med å kasta meg på sjøen, då tenkjer eg nok at eg helst vert inne.

Men så kjem eg meg ofte ut likevel. Eg må ta nye bilete til bloggen. Eg må røra meg, ellers vert eg så tjukk at eg ikkje kjem meg ut av dørene. Eg må - slutta og klaga over vinteren, for den vert ikkje betre om eg klagar og ber meg.

Det som hender når vinteren min er ein einaste lang klagesong, er at eg vert sur,  umogeleg å vera i hus med, og dessutan vert den lange og mørke vinteren endå lengre og mørkare. Difor har eg kjøpt gode sko, ein ekstra varm og god jakke, og så har eg teke ei avgjersle om å lika vinteren - ja til å med gleda meg til at den kjem byksande. 

Det skal verta ein herleg vinter, med fine turar i all slags vær. Eg skal finna fine vintermotiv som eg kan dela, og alt dette skal gje meg gode naturopplevingar. Eg skal omvenda meg frå negativitet og surheit, og verta eit lukkeleg og positivt naturmenneske...

...trur eg...


...for ånda er viljug, men kjøtet skrøpeleg. 

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang