Om meg

   Eg har drive med foto så lenge eg kan hugsa, og det kjem eg nok til å halda fram med. For meg er det å leita etter eit motiv like naturleg som å pusta og eta, ein grunnleggjande trong som gjer livet verd å leva. Ei stund prøvde eg meg som journalist, men det gav ingen tilfredsheit å renna rundt og samla på bilete av kjende personar, og sørgjelege ting. Difor gjorde eg andre ting, og så tok eg bilete i fritida.


Eg vaks opp på Hjelmås, ei lita bygd nokre mil nord for Bergen. Der, i den vakre Fyllingadalen, lærte eg å setja pris på vakre landskap, og det vart desse vakre landskapa som eg festa til cellofanen i barne og ungdomsåra..No, mest femti år etter at eg tok mitt fyrste foto, er eg framleis mest glad i naturbilete, og det er også slike bilete eg vil visa deg her.

Så litt om utstyr. Ut frå prinsippet "Det beste kameraet er det du har med deg, vert nokre av bileta mine teke med kameraet eg alltid har i lomma: Mobiltelefonen. Opp i gjennom tidene har eg hatt fleire kamera, men no tek eg dei aller fleste bileta med min Olympus OM-D EM-1. Eg har fleire objektiv, og samlinga veks stadig.

Eg er veldig glad i landskapsbilete, men tek gjerne også ein tur til Bergen for å finna bymotiv, eller til å dela motiv som eg finn på ein ferietur, eller på ein tur med bu-bilen.

Så eg ynskjer deg velkommen til å fylgja meg her på heimesida mi.

    

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang