Rimfrost

21.11.2019

Eg kan ikkje hugsa at det var slik før. Då eg var gut var det nemleg snø om vinteren. Kanhende ikkje så mykje snø, men eg hugsar at det alltid var snø. Me var ute heile dagen, den gongen for lenge sidan, då når eg gjekk på ski.

Eg var aldri nokon meister, og eg likte meg best når eg fekk gå bortover. Nedoverbakken gjekk eg anten på tryne så det song, eller eg sette meg rett og slett ned på skia og skreidde ned bakken.


Men ting har endra seg, i tida frå min siste skitur og til no. Då var eg tjue, og no har eg passert seksti og noko. Meir enn førti år har gått, eg går aldri på ski lengre, og det fell mest ikkje snø om vinteren. Det første veit eg med sikkerheit, det andre meiner eg er sant.

For det kan hende at eg tek feil. Det med å hugse kva som hende for ein mannsalder tilbake, kan vera ei utfordring. Me har ein tendens til å hugsa det me tykte om, og det andre vert måka ned i gløymselens kjellar.

Men det var rimfrost som var temaet i dag, og eg reiste langt for å finna rimfrostmotiv som eg kunne presentera for deg denne torsdagen.Rimfrosten har nemleg ein stygg tendens til å forsvinna, der som sola får tak. Eg måtte difor finna meg eit lite dalføre der sola ikkje tok, samtidig som lyset slapp inn - og eg fann ho.

Mest oppe på eit fjell på Seim, låg det ei myr som var omgjeve av åsar på båe sider, og der fann eg ut at eg ville stogga.

Myra var heilt tilfrose, men ein liten bekk sildra der ute. Varsamt sette eg den eine foten framfor den andre, og gav meg ut på det som om sommaren nok var ei gyngande myr. Rundt meg var alt innkapsla i rim, og eg fann fram Olympusen og tok "closeups".

Nærbilete sa me før, men closeups høyrest så mykje finare ut. Det hevar liksom rimdekte norske myrvekster opp på eit meir internasjonalt plan, og det er vel der me vil vera: Viktige internasjonale størrelsar som vert lagt merke til... tenkte eg, der eg stod med begge beina i kvart sitt hol, i ei lita myr, i ei lita bygd, i eit lite land, i ei stor verd.

For eg kjenner meg ikkje så stor. og eg er klar over at det eg skriv ikkje når så langt. Men eg skriv då, tek bilete, og kommuniserar med den store verda.

.Så kjende eg at eg fraus, og eg sette kursen ut av myra. På vegen fann eg ei tue med ein plante som ikkje var kvit eller brun. Under rimfrosten var den framleis grøn, og eg kjende at den hadde nok i seg sjølv til å stå åleine - grøn i alt det kvite.

Brått gjekk det opp for meg at det var slik eg måtte bli: Trygg nok på meg sjølv til å vera liten i lag med dei store, og full av liv midt i vinterens rimfrost.


For livet er best når ein får vera seg sjølv.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang