Kystvandring i gråvær

25.11.2019

Det er ikkje alltid sola skin over liva våre. Nokre dagar er stormdagar, andre er fulle av regn eller snø, og nokre er slike gråværsdagar som eg opplevde i denne søndagen.

Då eg vakna denne dagen, såg eg at morgonsola farga himmelen rosa. Difor gledde eg meg til sol og blå himmel, men slik vart det ikkje. Då eg var ferdig med frukost og anna som høyrer morgonen til, hadde skyene dekka til den blå himmelen, og sola hadde gøymt seg.

I grunnen stemde dette godt med humør og sinnstemning, så eg gav meg på veg ut saman med Randi. Ho køyrde, og eg sat ved sida av og avgjorde kvar me skulle dra. 

Ferda enda opp på Austrheim, ein av dei stadene eg reiste mykje til då eg var ung. Der budde systra mi, og eg var alltid velkomen til å vitja henne og dei sju borna hennar. Det var alltid ei seng, og alltid plass til ein ekstra tallerken ved middagsbordet.

Denne dagen trong eg nok til å gjenoppleva denne kjensla av tilhøyrigheit, og eg kjende det var godt å koma nord til Øksneset, sjølv om systra mi har flytta derifrå for mange år sidan.

Me stogga først opp på Austrheim, og eg fann det motivet som du ser over. Det vert nokre naust i dette blogginnlegget óg, for desse husa er for meg ein lenk til menneska, til deira verksamheit i kystlandskapet her vest.

Framleis er det båtar og naust som dominerar kystlinja. Eg trur det er fleire båtar langs kysten no, enn det var den gongen eg, som ein ungdom, klatra på svaberga i Øksneset. Dei er kanhende til og med finare i dag, og dei er i alle fall dyrare - mykje dyrare! Men framleis er båtane knytta opp mot livet ved og på sjøen, og framleis vert dei brukt til fiske og hygge.

Det var ikkje veldig mange båtar der denne dagen. Eg tenkjer at mange av dei var trekte opp og lagt i husa sine. Ikkje det at eg var inne i noko naust, men det er vel det dei er til, desse båthusa.

Som den gongen eg var ung, tok eg meg litt utover på eit nes. Eg trakka over krekling og lyng, og balanserte på smale berghyller. Lufta anga av vinter og salt sjø, sjølv om det eigentleg ikkje var så kaldt. Men der gjekk eg og kjende at her var eg velkomen. Her kunne eg koma og vera meg sjølv. 

Det handlar i grunnen om det. Å vera seg sjølv, sleppa å forstilla seg, berre vera den raringen som Gud gjorde meg til.

For raringar er me, dei fleste av oss. Ikkje alltid i eigne augo, men slik andre ser oss. Me går rundt og er originalar - eller kanhende eg heller skulle sei originale. Ingen andre er heilt lik oss, og slik skal det vera. Det er ikkje nokon som er heilt lik "normalen", fordi normalen er gjennomsnittet av oss alle.

Så gjekk eg og tenkte på alt dette, til denne vesle holmen dukka opp. Den var heilt original, den og, og dessutan vakker. Så låg den der og spegla seg i det blanke vatnet,, og eg tenkte at eg fekk ta den med heim til deg.


Ei heilt original helsing frå ein original til ein annan. 

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang