I denne søte og regnfulle adventstid...

08.12.2019

Sist månad var den tørraste November i manns minne. Slik vert det visst ikkje i desember. Regnet ausar ned, og vinden ular rundt husnovene her på Sletta. Men inne er det godt og varmt.

Denne Søndagen har eg eg ein roleg innedag. Været ute fristar ikkje for noko særleg uteliv, og skyene heng tungt over Radøy. Så då vert eg i huset, og putlar litt med nettstader og anna som måtte koma. 

Ellers er det godt å la Søndagen vera kviledag, og på kviledagen vil eg gjera nett det: Kvila! Det er godt for ein gamal mann å setja seg i godstolen, og berre la dagen gå. Då kan det berre regna og blåsa utanfor, for eg er inne og ser ut på det sure og kalde været.

For kaldt er det. Hadde det vore litt kaldare, så hadde regnet kome ned som snø. Då ville det nok kanhende sett annleis ut.

Biletet over vart teke tidlegare dette året, nemleg i januar, og det er fullt mogeleg at me får snø att over årsskiftet. I desember er det ofte slik som no: Regn og vind, men kaldt. Ikkje svært kaldt, berre nokre få varmegrader, slik at det regnar. Så nyttar det ikkje å la Bing Crosby syngja: "I'm dreaming of a white christmas." For regnar gjer det, og det er ikkje stor von i denne bloggaren om kvit jul.

Om kuldegradene hadde lagt over landet og snøen dekka bakken, ville eg kanhende vore ute med kameraet no. Fanga ein soloppgang på Hjelmås, eller eit stille vatn ein annan stad. Foreviga eit snødekt landskap, eller kanhende prøvd å formidla stemninga frå bakken der ungane sto på ski og akte kjelke.

Men no vert eg her. Ser ut gjennom det regndekka glaset, og nyt synet av adventstjerna som Randi har hengt opp. Og nett denne dagen trur eg vert ein god dag


For dagen vert nett det du vil gjera den til, så eg ynskjer deg ein god og fredfull søndag.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang