Hår er oppskrytt!

07.12.2019

Opp gjennom åra har eg slite fælt med håret mitt. Ikkje det at eg ikkje har hår, for det har eg, og til og med mykje hår. Eg hugsar at eg for mange år sidan hadde relativt langt hår. Det var eit hår som rett nok var pistrete og tynt, men det var mykje av det, og det var langt. Dessutan stod det til alle kantar, og det var pjuskut og rett og slett litt underleg.

Eg las ein stad at menn hadde hår for at dei ikkje skulle verta så kalde på hovudet når dei gjekk på jakt, men eg er ingen jeger. Faktisk er det berre jentejakt eg har vore på, og det med vekslande hell - men det er ei anna historie.

No er det å tilføye at håret mitt er tynt, og det isolerar ikkje for fem øre. Når det berre vert litt vått, ligg det berre der klistra inn til hovudet mitt. Ellers heng det ned og let flass og anna svineri dryssa nedover jakka.

I mange år gjekk eg til frisøren når det var naudsynt, klipte håret - og betalte. Eg har betalt tusenvis av kroner oppigjennom livet for hårstuss - og heilt bortkasta. Alt dagen etter låg håret slik det sjølv ville, og flassen velta nedover resten av karen.

Då var det annleis med skjegget. Alt som ungdom prøvde eg å anleggja skjegg, og etter mange års samling, såg eg slik ut. Skjegg, bart og hår, alt i overflod.

Med skjegget er det det same som med håret: Det skal verna mot forfrysningar når mannen skal på jakt for å skaffa mat til familien, og på eit punkt i livet sette eg meg ned og tenkte litt. Ja, du las ikkje feil, eg tenkte faktisk. Nokre gonger tenkjer eg, sjølv om det er nokså anstrengjande.

Men eg tenkte på siste jakttur. Den var hard og strabasiøs, og eg fekk heim den maten eg sette ut for å få: Fem svinekotelettar frå frysedisken på Rema 1000. No må eg sei at det ikkje var utan risiko. Eg måtte bøya meg langt fram, og då eg skulle lata att lokket på fryseboksen, sat skjegget fast. Med litt hjelp frå ei rett så fager butikkjomfru, fekk eg det laus. Ho var rett så lattermild etterpå, men eg var evig takknemleg.

Eg fekk etter kvart eit stadig meir dårleg tilhøve til håret, og også til det lange skjegget. For ikkje å snakka om den side barten. Når eg åt, samla det seg matrestar i den, kaffi, te, surmjølk og øl fylde den side barten, og eg saug uhumskheitene i meg. 

Eg hugsar dagen eg tenkte at all denne hårveksten er berre til bal, og gjekk ut på badet og barberte alt av meg. Mi dåverande kone var ute og handla, og då ho kom heim stod det eit framandt mannfolk i stova hennar. "Kven er du, og kva har du gjort av mannen min?" ropa ho. Etter ei stund fekk eg overtydd henne om at eg var meg, berre utan så mykje hår og skjegg. 

Etter nokre år fekk hår og skjegg veksa ut at, men denne dagen tok eg ei avgjerd: Håret skulle av! Det lange skjegget har vore borte ei stund, men no skulle det pistrete opphavet til flasset på skuldrene vekk.

Denne dagen har eg vore og klipt meg att. Det var gratis, for eg ordna det sjølv.

Befriande hårlaus og med snurrebarten på plass - så lenge det varer.
Befriande hårlaus og med snurrebarten på plass - så lenge det varer.

Så slik vart eg sjåande ut. Litt skjegg er det att, og barten er ordna slik at den ikkje kjem i vegen for maten. Men håret er borte, og slik skal det forbli, heilt til neste gong eg bestemmer meg for å la det gro ned til livet att. 



For livet skiftar, og med det skiftar motar, lyster og meiningar.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang