Trur det vert ein fin dag

23.11.2019

Det er morgon, og denne fotografen er oppe. Eg har alt vore ute og teke det fyrste biletet, denne laurdagsmorgonen. Værmeldinga lova lettskya og fint vær denne dagen, og det ser ut til at dei har halde ord.

Dette biletet tok eg ute på trammen i dag, og her ser du korleis det ser ut: Haustbrune marker, speilblank sjø, og ein himmel som korkje er kjedeleg blå eller einsfarga grå, er noko som kan gje fine motiv. Ikkje er det så kaldt heller, så dette må verta ein fin fotodag.

Så no er eg rimeleg klar, Sjølv om forma ikkje eingong er sytti prosent, tenkjer eg at dette må bli bra. Dessutan skal eg møta barneborn på lysfesten i dag. og det vert i alle fall kjekt!


Ha ein fin laurdag, du og!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang