Tilbake!!!

03.12.2019

Så er datamaskina ordna. Ny harddisk er på plass, og eg skal prøva å retta opp i det faktum at nettstad og blogg har vore mest urørt sidan fredag ettermiddag. Eg gjorde eit forsøk på å lasta opp eit bilete i bloggen ein dag, men eg må sei at eg ikkje er så glad i å sitja og knotra på telefonen. Difor let eg nettstad og blogg vera, og gjekk heller ut med kamera.

Fredagskvelden var brukt til konsert. Altså... eg var ikkje på konsert og høyrde nokon opptre, eg hald konsert. Konserten vart halden i ei pinseforsamling i Øygarden utanfor Bergen, og det kjendes meiningsfylt. 

Laurdagen tok eg med meg kamera og gjekk ut, og nokre av  desse bileta vil eg dela med deg denne dagen.

Eg gjekk ikkje langt, berre nokre hudre meter ned på bøen nedanfor huset. Tanken var å dela nokre inntrykk frå staden eg bur.At det tildels var gråvær, kunne eg ikkje gjera noko med, så eg tenkte at eg berre ville gjera det beste ut av det.

Det gjev ei spesiell kjensle, dette nærværet til naturen, som det å vandra med eit kamera innebærer. Ein vert liksom så fokusert på det som er rundt ein. Lukter og synsinntrykk vert forsterka, og tida forsvinn. Så trakkar eg rundt og gjer naturen rundt meg til min, gler meg over det eg ser rundt meg, og trivest.

For eg likar meg best ute og bak kameraet. Der kjenner eg nærleik til noko som er større enn meg, større enn utfordringane som er i livet mitt, større enn dei menneska som befolkar den verda eg lever i. Anten dei heiter Trump eller Jensen, Putin eller Stoltenberg, så veit eg at om ei tid er dei borte. Men dette eg ser rundt meg kjem ikkje til å forsvinna så fort.

Det kjennes trygt å vera ein del av det kretsløpet som naturen innebærer. Anten det snør eller regnar, om sola skin frå den klåre himmelen eller skyer driv over himmelen, eg kan kjenna at eg er ein del av det heile. Dessutan - sjølv om det heile tida vert nye ting, trær plantar, dyr og menneske - så er og vert det alt der. Og eg får kjenna gleda ved å vera i live.


Livet er best når ein lever midt i det!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang