Søvnlaus – tankar i ei våkenatt.

04.12.2019

Natta er mørk, og det regnar. I alle fall regna det då eg gjekk til sengs - det må vera fleire timar sidan, og i desse timane har eg berre lagt her og stira inn i mørket som omgjev meg. Frå sida høyrer eg lydane frå dei andre i huset. Sjølv hundane shar sine nattlydar: Lett snorking, litt kvinking når dei drøymer, og av og til eit lite bjeff.

«Kva gjer ein bloggar når han ikkje får sova?» spør eg meg sjølv, og svaret kjem av seg sjølv: «han set seg til å blogga!» Svaret er heilt logisk. Sjølvsagt må eg skriva i bloggen om noko så uvanleg som at denne fotobloggaren ikkje får sova.

Det er lærerikt å liggja vaken når alle andre søv. Då får ein tid til å hugsa på alt det som ligg bakom. Erindra det som ligg bak i den uforandrerlege fortida. Tenk så mange opplevingar, så mange unødvendige handlingar, så mange feiltrinn.

Eg tregar på feiltrinna i fortida. Så mange ting eg skulle ha gjort ugjort, utruleg mykje eg skulle ha gjort annleis. Ei lita stund vert eg liggjande og kjenna på hjelpelausa. Ein kan ikkje gjera noko med fortida. Uansett kor mykje ein angrar på det som hende då ein var ung... yngre i alle fall... og så vert det verande der i fortida.

Det er berre notida ein kan gjera noko med. Denne dagen, denne timen, dette minuttet, denne augneblinken. Så hugsar eg brått noko som eg såg ein gong. Ein eller annan hadde lagt ut eit bilete på Facebook, der det stod: «Stop looking back -You are not going that way!» Så utruleg sant! Ein kan ikkje gjera noko med fortida, og kanhende ikkje med framtida heller. Ingen av oss har full kontroll over den tida som ligg framfor oss.

Ein mann som heitte Sofar sa ein gong til venen Job: «Som ein draum flyg han bort, og ingen finn han meir.» (Job 20:8) Han snakka om korleis livet er, at ein dag skal alle som lever - alt som lever - kverva bort. Dette er også sant. Eg kjenner ikkje morgondagen, men eg kjenner denne augneblinken. Nett no kjenner eg livet strøyma gjennom meg. Eg kjenner vona om at det kjem ein morgondag, at framtida for denne bloggaren skal få sjå nye morgonar, få oppleva nye dagar, kjenna at livet gjev meg nye opplevingar. Å, som eg ynskjer meg nye fotomotiv, at verda må visa meg nye spanande ting, la meg formidla det som er vakkert og spanande gjennom linsa på kameraet mitt. Eg ynskjer meg mange nye år, og som den ukuelege optimisten eg er, trur eg at eg skal få oppleva det. '


Og eg ser fram til å leva resten av mitt liv, sjølv om eg kanhende nærmar meg livets haust.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang