Snart jul.

11.12.2019

Snart er det jul, og eg vil gjerne ha litt meir av dette kvite som kjem dalande ned frå himmelen, og legg seg på bakken. Det heiter sø, og er noko både eg og ungane likar. Ikkje mine ungar, for dei er vaksne folk, men ungane deira - altså mine barneborn.

Men får eg det? Nei, slettes ikkje. Vinden hyler rundt hushjørnene, og eg vert gjennimblaut om eg stikk nasen utanfor døra. Det er heller ikkje vær til å streifa i marka med kamerabagen på ryggen. Sjølv om Olympusen er relativt vanntett, legg eg ikkje ut på tur i eit vær der metereologane ber alle om å vera inne.

Difor vert det gamle bilete denne dagen. Bilete av skodde og snø, bilete som tek både deg og med inn i draumelandet. Skulle gjerne ha vist deg nye bilete denne dagen, og det kjem sikkert snart. Men denne dagen vart det ikkje stunder til å finna dei. 

I går fortalde eg om seglbåten min, og i dag kan eg fortelja at den ligg heilt fint. Eg var nede i dag, og eg var også ombord. Inga vatninntrenging, ikkje meir fukt enn det skal vera, og den ligg stødig i førtøyningane sine. Eg er glad for det, men var faktisk ikkje lite engsteleg då eg lyfte opp bakluka og gjekk ned i kahytten.

Men tilbake til "Vinteren". For regn og vind gjev ingen vinter og førjulstemning. Det er berre mørkt og utriveleg, og eg må sei at eg lengtar til ordentleg snø, kanhende litt stjerneklårt og måneskinn. Då er det som om lyset kjem tilbake til oss, og ei kjennsle av lettnad kjem inn i sinnet mitt.

Men om det vert snø før jul, veit eg ikkje, metereologane lovar visst berre regn og anna uhumskheit, og dei plar ha rett når dei lovar dårleg vær. Så får me sjå då, kanskje me vert overraska....


For eg er ein evig optimist, og eg lever i håpet!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang