Morgonskodde

26.11.2019

Skodda heng over Sletteosen, og eg ventar på sola. Slik er det vanlegvis på denne tida av året, stor skildnad på temperaturen i sjøen og land gjev skodde.

Natta var nok kald, men temperaturen isjøen let seg knapt nok påverka av dette. Så vert resultatet slik: Skodda ligg som eit teppe over vatnet. Innover på Lindåslandet ser ein det same: Skodde belta ligg over landet, og ber ein klar bodskap om korleis det er.

For det er kaldt og surt. Rått, var kanhende det rette ordet, men lufta er frisk, og det var godt å koma ein tur ut.

No vert det ein dag med øving framfor konserten på fredag, men ein liten tur ut med kamera må eg få tid til. Om du kjem tilbake, vil du nok sjå fleire bilete.


Livet er for kort til å sitja inne!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang