Lysfest

24.11.2019

Me skulle på lysfest i Bergen i går. Eg hadde gjort avtale om å møta den eine sonen min og borna hans, og i god tid la me i veg frå Sletta. Randi køyrde, og eg sat ved sida av og såg etter fotomotiv.

Det gjekk raskt innover, heilt til me kom til Fløyfjellstunnellen. Der stod trafikken kubb, og me snegla oss innover. Det tok oss meir enn ein halv time å koma oss gjennom tunnellen, og heller ikkje då var me framme.

Like tregt gjekk det då me køyrde ned avkøyringsrampa, og då me var komne under brua, stod traffikken heilt i ro. Der vart me ståande til klokka passerte fem, og dei tok til å skyta opp fyrverkeri.

Frå min posisjon under brua såg eg absolutt ingen ting anna enn bremselysa frå bilen som stod framfor oss, men heldigvis bevega køa seg framover, meter for meter. Til slutt fekk eg knipsa biletet du ser over. Du ser fyrverkeriet, men du ser også skuggen av brua. 

Eg vart sitjande i bilen ei tid, og fyrverkeriet dundra over oss. Sjølvsagt skulle eg gjerne ha vist fleire bilete av dette, men alle bremselysa frå bilane framfor oss laga slike refleksar i optikken at eg ikkje vil visa fram bileta.

Til sist gjekk eg ut av bilen og la til fots innover mot byen og parkeringshuset. Då var alle på veg heim, samstundes som køa stod langt oppover avkøyringsrampen. Eg fekk teke ei rekke bilete av livet i byen, og du kan sjå eit utval av dei i galleriet under.



Til slutt ringde telefonen min, og Randi fortalde at ho stod bak jernbanestasjonen. 

Me køyrde så vidare til Skansen, der eg hald fram med å ta bilete. Bergen er ein vakker by, ikkje minst om natta. Då lyser han som ei samling med juvelar. Frå Skansen ser du heile byen og halve Askøy. Det er eit fantastisk utsiktspunkt, og eg tok mange bilete der oppe, mellom anna panoramabiletet du ser under.

Sjølv om eg godt kunne ha vore forutan den timen me stod i kø i tunnellen og på/under brua, sjølv om eg godt kunne ha tenkt meg å møtt barneborna mine, sjølv om eg gjerne skulle ha fått fleire bilete frå arrangementet, så kjenner eg at det var ein fin tur. Eg fekk føla byen eg har budd i så mange år på pulsen, og eg gleder meg over bileta eg fekk fanga i kameraet mitt.Dessutan skal det vera eit nytt arrangement om eitt år, og tippar at ingen vil bryta denne tretti år gamle tradisjonen.

Då skal eg vera tidleg ute... make a day of it... lammepølse på femkroneren... kaffi på Ervingen... sjå kvelden og mørkret koma... Det skal verta ein fantastisk dag, om berre livet og helsa heldt.


Livet kjem aldri for seint, det gjeld berre å gripa augneblikka som livet gjev!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang