Lengtar litt etter skikkeleg vinter.

27.11.2019

Eg er av og til lei av den vestlandske vinteren. Den ligg der kald og klam, for det er det den er. Ofte regnfull med lite snø, men med vinterstormane hylande rundt husnovene. Ja, for dette er verkelegheita for oss vestlendingar. Det er ikkje skiene som er symbolet for oss, men paraplyen og skiene.

No likar eg vel eigentleg skodde, i alle fall som fotograf. Når den legg seg over landskapet, vert det ei ekstra djupne, og ein kan sjå korleis landskapet forsvinn inn i biletet. Så på den måten likar eg skodda, anten det er morgonskodde, vinterskodde, eller havskodde som kjem sigande inn over land.

Men likevel veit eg at denne skodda gjer meg sjuk. Den får meg til å hosta, eg mister stemma, må avlysa konsertar, og eg kjem meg ikkje ut med kameraet. Så eg lir av motstridande kjensler, når eg ser skodda koma drivande.

Slik er det vel med vinteren generelt. Den er kald - og eg likar varme. Dei fleste gamle folk likar varme best, og eg må nok inrøma at eg i alle fall ikkje lengre er ung. Så det så! 

Men denne vinteren lengtar eg litt etter skikkeleg vinter. Snø, is på Sletteosen, skiføre, fine bilete av skogen som har pynta seg for vinteren, lyden av born som har det kjekt i snøen. Alt dette er stas.

Tenk om eg denne vinteren kunne ta fram barnet i meg, spenna truger på føtene - for eg kan ikkje gå på ski - og rusla ut i naturen. Oppleva korleis alt hadde kledd seg i kvit vinterkappe, fanga julestemning etter julestemning i Olympusen, og kome heim att trøytt, men nøgd.

Sjølvsagt måtte eg ha på meg gode klede, men gode og varme klede og sko har eg, så la snøen og vinteren koma seier eg - velkomen skal han vera!


Eg vil ta fram guten som framleis lever inne i meg, og han vil ha snø!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang