Knarvik - Eit Cim-City spel i fullskala?

28.11.2019

Knarvik var vel aldri min favoritt, ikkje eingong då eg var ung. Den gongen var det ingen tunnell gjennom Mundalsberget, og for ein Følingagut (Les Hjelmåsing) som meg, var Knarvik ein utkant. Det var dit me fór når me skulle ta ferja over til Steinestø, så mitt ungdomsbilete av Knarvik var ferjekaien.

Sidan har no dette biletet endra seg. Slik det etterkvart vart, kom Knarvik til å veksa til noko anna: Kommunesenteret for Lindås kommune, og frå årsskiftet for nye Alver kommune.

I går var eg og tok nokre bilete frå Knarvik, og nokre av bileta har eg lagt ut på nettstaden min. Du kan sjå dei denne dagen ved å fylgja denne linken

Over ser du bilete av det som i si tid var legekontoret i Knarvik. Ein gong for over førti år sidan vart eg sjuk då eg vitja far min i Fyllingen, og då var det hit eg drog for å få medisinsk hjelp. Bakom ser du det store helsehuset, som er under byggjing, så får me vona på at dette vert til nytte for Nordhordlandsregionen.

Der eg vandra i asfalten i Knarvik, fekk eg ei kjensle av å vera inne i eit gigantisk Sim-City spel. Det var som om ting har vorte forandra, berre for å forandra på ting. Som om nye hus har vorte slepte ned fordi det passa slik der og då. 

Under ser du bilete av den gamle skysstasjonen i Knarvik. Det er eit bygg med som gjev ei god kjensle, eit bygg med sjel, om du vil. Der var det eit venterom og toalett, der kunne ein ha det godt og varmt medan ein venta på bussen, anten ein skulle til Myking, Hjelmås, Austrheim eller Mongstad. 

No vert ein henvist til nokre busskur langs E-39. Der skal ein stå og venta på korresponderande bussar, kanhende i fleire timar. For bussane går ikkje alltid like ofte. Om ein då vert kald eller våt, ja så kan ein ta turen inn på senteret. Det er kafear der, butikkar er det og, og så kan ein vandra rundt og sjå, la seg frista, kjøpa eitkvart...

Igjen kjenner eg att Sim-City spelet eg spelde i yngre dagar: Det handla om å få inn pengar, skaffa omsetning til dei som dreiv butikk i byen. Slik er det nok i Knarvik óg: Pengemakta rår, og ein skal gjera det mest mogeleg optimalt for dei som driv butikk der.

Nei, eg er ikkje meir positiv til Knarvik enn eg var før. Kvifor går forresten E-39 midt gjennom byen? Slik eg opplevde det i går, var det til og med lite fotgjengarfelt over denne sterkt traffikkerte vegen. Det var fleire som gjorde som meg: Sprang mellom bilane, slik at eg kunne koma frå senteret til andre sida av vegen. Andre stader i landet legg dei hovudvegane utanom sentrum, men her går den beint gjennom "byen". Dei har til og med lagt ei diger rundkøyring der, slik at bilkøene lettare kunne verta avvikla.

Nei, det er ikkje menneska som er i sentrum her i Cim-City byen Knarvik. Det er pengane og bilane. Eg kjende meg ikkje heime her, og tenkjer eg vil avgjrensa mine vitjingar i kommunesenteret til det som er heilt naudsynt.


Men eg skal altså attende og dokumentera meir frå denne staden. Berre følg med! 

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang