Elva som flyt gjennom livet...

23.11.2019

Livet kan vera så ymse. Du sit der i livsbåten din og anar fred og ingen fare, og så kjem det du ikkje venta. Det kan vera noko stort, noko lite, noko godt eller noko som er ille.

Alle har me opplevd det, og ikkje nekt: Du og har vore der eg var.. Livet tok meg med overrasking, og eg var ikkje i nærleiken av å vera førebudd.

Dei fleste prøver å ha ein plan for livet, og slik var det med meg og. Alt var klart, men så kom hindringa, og eg vart tatt av straaum og stryk. Den vesle livsbåten min fòr nedover. Det gjekk unna, og båten tok inn vatn. Eg måtte både ausa og styra, for å ikkje oppleva eit totalhavari.

Nedover livet bar det, og eg sat der og viste ikkje korkje ut eller inn, opp eller ned. Livet berre fòr vidare, og eg måtte berre fylgja med. Gjennom stryk og fossar bar det, til kulde og iskaldt vatn var alt eg visste om.

For ein kan ikkje hoppa av livsbåten og gå på land. Livet varer så lenge det varer, og me må  berre ta dei utfordringane som livselva gjev.

Frå ein augneblink til ein annan endra alt seg. Dei krappe stryka gjekk over i ei stille elv som berre flaut avgarde. Og så sat eg der, og let elva føra meg vidare, medan eg venta på at livet skulle føra meg inn i neste stryk.

Livet vart fylt av uro for det som kanhenda kunne koma. Understraumane tok livet mitt og førde det inn i livets bakevjer. Slik vart det: Eg låg i bakevja, redd for at eg ikkje skulle takla sjølve livet. Angsten lamma meg og eg kom ikkje vidare.

Før vårflaumen kom og førde med seg snøen som fall i fjor. Så segla eg vidare då, mot det store havet. Der samlast alt liv, og elva tek slutt.


"Eg uroa meg for mykje, mendei fleste vanskane kom aldri. - Elfrid 90 år.

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang