Eit livreddande hundeliv - tid for å vera litt personleg att.

06.12.2019

Hundane våre er ein stor del av liva våre.Me har seks av dei: Tre tibetanske spanieltisper, ei phalenetispe, ei dvergdagstispe og ein Chihuahuahanne. Desse hundane krev sitt, og noko av det dei krev er turar.

Både Randi og eg har kvar for oss hatt hund i mange år, ei interesse som me deler og trivst med. Hundane våre er liksom barna våre, og dei er det beste me har.

For meg vart det ein dag slik at eg ikkje makta å fortsetja livet mitt. Ting hadde hendt i livet mitt, og eg tenkte at det var best å gjera slutt på det. Kvifor lever eg då framleis, for dette var for seks år sidan? Svaret er enkelt: Heime var det nokre hundar, ikkje seks men fire. Om eg vart borte, ville desse seks mangla stell, mat og vatn. Difor vende eg nasen heimover, og fortsette å leva.

Sidan har eg mange gonger opplevd at hundane les meg som ei open bok. Når depresjonen heng som eit svart skydekke over livet mitt, eller om angsten heldt på å knusa meg, så merkar dei det. Då kjem dei bort og skal vera nær. Sjølvsagt er det ikkje alltid tilstrekkeleg. Mange gonger må eg til lege, eg må setja ord på ting, få medisin, men hundane er faktisk den beste medisinen eg kan få. Dei er alltid der, og Randi og eg er dei viktigaste personane i liva deira... og dei i våre.

Dessutan får dei meg ut. Når tungsinn og vanskelege tankar ville fått meg til å verta sitjande i sofaen, stiller Jasmin - ei av tispene - seg ved døra og krev å få koma ut. "Eg MÅ!" seier ho, "Ellers skit eg på golvet!" Så må eg kle på meg, finna fram bånd og det som skal til, og gå på tur. Om eg vil inn att så fort skitinga er over, krev Emma at me skal gå lengre. Så klarar eg å koma meg ut denne dagen og.

Ja, eg elskar hundane mine, gler meg over det dei gjev til livet mitt. Dei er berre fantastiske, og eg kunne ikkje tenkja meg å ikkje ha hund!


Det beste livet eg kan leva er livet med hundane mine!

© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang