Bloggabstinens

01.12.2019
Det er vinter - såvidt. Nokre få centimeter snø har kome ned, og eg knotrar på telefonen. 

Det hende for nokre dagar sidan: Underlegne lydsr høyrdes frå datamaskina mi, før den slo seg av. Då eg starta den att fungerte den, men det varte ikkje lenge før det same hende. Utover dagen vart den meir og meir ustabil, og til slutt slo eg den ikkje på att. 

 Alle viktige bilete vart redda inn på eit eksternt lagringsmedium, og så vart dataen levert inn til EASY-PC for reparasjon. Eg får maskina att i morgon, så då kjem eg i rute att. 
I går var eg ute med kameraet, men fekk ikkje lasta ned bileta. Dette visste eg, så eg tok nokre bilete med telefonen. Det er ingen mesterverk her,men eg legg dei no opp. På mandag kveld får eg tømt minnebrikke i telefonen, 
No kjenner eg at eg har Blogg abstinens. Eg må berre skriva litt i bloggen, halda kontakten med lesarane, slik at ikkje alle dreg sin veg.

No gler eg meg til dataen kjem heim, slik at heile nettstaden kan oppdaterast. 


Når ein fyrst skal ha abstinens, er ikkje bloggabstinens den verste sorten. 
© 2019 Fotograf Bo Clausen, Slettevegen 671, 5939 Sletta
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang